Posts

Showing posts from March, 2022
Image
 Torsdag finveir idag og. nesten synd å arbeide inne. fortsette på kjøkenlemmen. der var eit "hol" bak skorsteinen. her vart det skap. manglar berre hengsler no og male ferdig listene. har grunna døra inn slik at den kan malast i morgon. trur den må bli kvit. det kan bli nok blåfarge.   spikerpistol er ein fin ting, men eg må halde fingrane unna. torgeir gjorde det same ein gong. rett gjennom fingeren. spikeren stansa mot naglen. uff ellers så kjøpte eg meg "ny" kapp- og gjæringssag. fann ei lita på finn som eg har med meg på loftet. då treng eg ikkje ta med listene ned til "storsaga" og opp igjen kvar gong eg skal kappe. går utruleg mykje fortare når eg har det eg treng innan rekkevidde. middag no. nakkekotelett i brun saus med poteter og kanskje litt gulerot (hvis eg har) meir i morgon.
Image
det starta vel for alvor i sept. 2020. då var det ein gjeng som gav seg i kast med å rive innvendig i hjellen. vi fann forskjelleg aviser i veggane. det kunne fortelje når arbeidet var gjort. her riv vi innvendig. har har det ikkje vore musebol. heller eit revehi. spurde jan-hugo om han hadde sett det verre. då vart han still lenge før han rista på haudet. endeleg noko stenderverk som er i vater og lodd like etter jul kom alle dei nye vindua til gamlehuset. heile veggen innover måtte byggast opp att på nytt. det var so rote at det sto berre på trass golvet i kjøkenet måtte rettast av. 30 sekkar med avrettingsmasse. det var 8 cm på det djupaste. i løpet av ettervinteren og våren skifta jan-hugo alle vindua i gamlehuset det var greit å få ned taksteinen nå ein har  pallegaffel på lastaren i taket over badet. ikkje uventa var det ille. før det kan byggast må det rivast... og brennast her grev eg ut tomta. matjord for seg og aur og leire for seg. malast skal det og. det er mykje lettare nå