Posts

Showing posts from April, 2022

Enno meir grøft

Image
 Det vart grøfting idag og. kasta igjen grøfta, men så pipla det fram vatn like forherda... Her pipla det fortsatt fram vatn. massane eg fyllte tilbake var nok så tette at vatnet kom opp i staden  for inn i drensrøret. grov opp ei grøft langs fjellveggen. det er der vatnet kjem ut av fleire sprekker Så var det å grave opp igjen øverste delen av grøfta for å legge ei veit frå fjellveggen og inn i drensrøret. Narcissane er ei trøst. dette er den finaste eg har.

Sommerferie i lag?

Image
Skal vi prøve å få til samtidig ferie og tur til Almenningen.... Joakim, Iselin og Torgeir kjem 4-10. juli Det er tre soverom i Almenningen og to i Hjellen og kjøkken begge plassar. Kos på trappa  Taco på plenen 11. juli Stigen måtte vær så god lære seg å køyre gravemaskin. Benjamin ville ut i Hjellen og grave lenge før bestefar var oppe.... Iselin har vore på fisketur Joakim og Iselin i kajakk på Bansjirøyra 3. august Saga lagar sandslått. 21. juli Kjekkt på stranda :-) og vakkert er det i 2022 og
Image
 Snekkarane er på plass med 2 stk. dei legg undertak og på meg vart det grøft/veit idag.  Monsen er den einaste som er lett nok og har doble bakhjul. Køyrer singel til grøfta. dei gamle er eldst. Kummen som eg knuste i forrige veke har eg  "dratt på land" og stroppa saman. no skal han ned på plass igjen. stroppene blir med :-) Drensrøret ligg inne i ein duk. saman med røret legg eg singel for at vatnet lettare skal trenge inn i røret.  brettar duken godt rundt singel og rør før eg kastar att grøfta. Slik var det då eg kom i går. dei har no fått på undertaket  på både anekset og mellombygget. og slik ser det ut inne idag. endeleg ser det ut som eit bygg med både veggar og tak. berre så det er sagt....slik er no kveldane .... For eit år sidan ..... då dreiv eg å reiv bad og tilbygg til gamle kjøkenet 
Image
 litt meir no då.... det blomstrar nydeleg. narcissar av mange typar og fargar. det er vårleg torsdag vart det grøftearbeid. la ned duk og drensrør. røret går inn i ein kum før det går vidare gjennom vegen og ned i bekken. dedtte for å samle opp eventuelt slam. så skal kummen og ta imot overflatevatn.  denne videoen fekk eg ikkje til å legge inn :-( Her skal det lagast hol i kummen, både inn og ut. tungt og vanskelig å kome til. vått og mykje bråk. fekk røra på plass og skal fylle pukk rundt kummen.  Då køyrde eg ned i grøfta med eine framhjulet og  måtte sleppe skuffa ned for ikkje å velte.... det gjekk ikkje betre enn at eg knuste kummen ... så det var den dagen. då var det berre å slå rundt ei stropp og prøve å dra den saman att. så får eg ta arbeidet igjen tirsdag. har ellers hatt ei fin helg i Brattland og er no komen ut igjen. arbeidet på huset har stått stille no sidan før påske, men idag var dei igang igjen. meir om det i morgon....
Image
 det er onsdag .... mandag kveld i Brattland- på kveldstur katten måtte være med kom ut i hjellen tirsdag. narcissane står i full blomst i hjellen på kvelden var det slik magisk himmel. her nede frå brygga. onsdag. norunn klipper opp duk til grøfta. onsdag var det ikkje skyer og dermed var ikkje kveldshimmelen like fin snoopy har klippt graset i almenningen i 20 år. no streika tredje motoren og då var det siste reis ut i hjellen og resirkulering. hausta av startmotor, div. reimar og anna som kan kome til nytte ein vakker dag ..,... det er ikkje så lett å få denne dama til å ta det med ro. prøver så godt eg kan, men har egentleg ikkje så mykje eg skulle sagt. legg ellers merke til fuglesangen. det er heilt utruleg, men så er det heller ingen andre lydar her ute enn fuglesang og bølgeskvulp. dagens bil køyrde allerede før middag
Image
er i oslo. kom nedover i går, torsdag. er hos pebe, eller rettare sagt, Saga. ho var oppe då eg kom, sjølv om klokka var nesten 9 ... heldt det gåande til 10, men då var tydeleg dagen over. veldig kjekt, og ho hadde gleda seg til bestefar skulle kome. I dag har vi vore til brunch på nedre foss. deileg mat og stort tilbud - også vegetar. på tur nedover. pebe måtte halde litt igjen .... på veg heimover igjen "truna" ho og slo seg i panna. då var is like godt som å blåse på. det var kaffe og suksessterte til.
Image
  slik var det då eg drog frå almenningen idag. sør vest kuling og sludd. dette er laurdag sjølv om det vert publisert søndag 10. det er berre fordi det ofte vert etter midnatt før eg kjem meg igang. er i geirmund sin 68-årsdag. har med masse kjøt i gåve, men har fortsatt ganske mykje igjen i frysen. hvis nokon vil ha saman med besøk så la meg vite.... no sit eg i drengjastovo -det er der eg pleier å bu. litt meir i morgon. frå drengjastovo. her er avdelinga for hage- og  landskapsarkitektur. for spesielt interesserte så kan ein ta ein månad  med studiar her
Image
 det er berre sola som varmar. ja slik er det og slik vert føret på frøysjøvegen svært skiftande. tørt og fint, men så bak ein hammar så er det fullt vinterføre. eg visste om det eg, men han framføre meg- på sommardekk. han fekk vite seg til det at norsk vinter i april er ikkje å spøke med. han havna ut for kanten og godt nede i ei djup grøft med den fine nye volvo xc90-en sin ein kamerat med ein nissan skulle prøve å dra han opp igjen. eg bad dei om å ringe viking. det er ikkje muleg for ein liten personbil å dra denne tunge volvoen opp gjennom ura... dei prøvde, men det lukkast ikkje synderleg godt.  dette er ein volvo som skal bli SUV når den blir stor. framhjulet spinn i lause lufta. her er det tydeleg ikkje diffsperre eller overføring av kraft til det/dei hjula som har bakkekontakt. dette er berre ei leikegreie :-) nok om bil.... og mobbing av 4-hjulsdrevne bilar som egentlig berre dreg på to. var i florø og handla murmaling, 80 m med fiberduk til veita og så var eg ned og såg til
Image
 Torsdag idag. fortsatt fint vær og kalt. trur ikkje det har tina i det heile. var ikkje så heldig med  skorsteinen. veit heller ikke om sparkenen toler vatn eller varme. må kjøpe noko murmaling neste gong eg er innom ei malarforretning. trykkert på døra kanskje og fortsatt manglar det hengsler på skapdøra. ikkje så verst andre vegen heller. litt acrylmasse og  flikkmaling så er eg fornøygd. No manglar berre senga, dyne med treksel og haudepute.  gardiner for vindauga? blomar i glaset? nattbord og lampar. sov godt.
Image
 så var det dagen idag. har ikkje skjedd so mykje, men ... parketten er ferdig og den vesle hondaen starta. då må det vel ha vore ein god dag. i morgon blir det listing på soverommet og dermed er det ferdig ... bortsett frå døra inn til skapet då .... den må eg ta med ein gong, ellers så er eg redd det ikkje blir. slik vart det altso. no var parketten avklimatisert og dermed glei den fint på plass. skulle ha rydda, berre for bildet si skuld, men slik ser det ut. høyrer litt dunking på kjøkenet. det er ikkje spøkelse, det er røysekatten som er ute etter kveldsmat
Image
idag låg det snø igjen, men det var sol på morgonen. skya litt over og ei og anna snøbyge kom det. eg vil berre gjere veiret merksam på at denne snøen har ikkje ein sjanse. så til dagens molbohistorie eg har fire båtar og eit tilsvarande antal påhengsmotorar (har strengt tatt seks, men to er avdanka)  før sesongen treng dei vedlikehald, oljeskift , ny impeller, og ettersyn av gear, smørning, osv. To av båtane i "vinterdrakt", lille rødhette og snehvit. ein gong for sikkert 20 år sidan laga eg ein bukk som er har brukt å henge påhengsane på. Problemet er at den er for låg til motorar med lang stamme og det har eg to av. her måtte det lagast  ny bukk med ei høgde på 1m. Eg fann material, tegna, saga og skrudde. til slutt hadde eg ein fin ny bukk inne på kjøkenet i Hjellen. glad og fornøygd var eg på veg ned til naustet med  bukken ..... problemet var at den ikkje gjekk ut gjennom døra. Eg prøvde både sidevegs, opp og ned, men det let seg ikkje gjere. den var for stor .... vel,
Image
 Ja det vart ein lang dag og mykje skjedde. drog til førde til psyken og hadde ein lang og tildels utfordrande samtale. ikkje om stemningsstabilisering, men om livet og retninga det kan ta. vart seint tilbake i almenningen. det var usedvanleg glatt frå grov med underkjølt regn. du ser det ikkje, alfalten ser heilt fin ut, berre våt. så slepp det.... veit ikkje om snikkarane har vore her idag, i forrige veke var dei på andre prosjekt. får sjå i morgon. mellom anna dette viser at livet har meining - at nokon er glad i meg endeleg får den gamle kaffemaskina avløysing. no har den slabba og søla lenge. mindre og mindre vart det i koppen og meir og på benken og på golvet. (den har sikkert mange gode deler som eg får bruk for ein vakker dag)
Image
 Søndag vart ein "historisk dag" dagens hovedingrediens. julegåvea frå Norunn: Flatøybok i 6 bind. Frå wikipedia: Flatøyboka er det største av de islandske manuskripter fra middelalderen. Det regnes også som særlig vakkert; det består av 225 fine pergamentblad, nennsomt skrevet og illustrert. Innholdet består hovedsakelig av sagaer om de norske kongene som også finnes i  Snorre Sturlasons   Heimskringla .  Det gjelder spesielt sagaene om  Olav Tryggvason ,  Olav den hellige ,  Magnus den gode  og  Harald Hardråde , foruten de kongesagaer som ikke finnes i  Heimskringla , som sagaene om  Sverre Sigurdsson  og  Håkon Håkonsson . Sagaene skiller seg fra andre utgaver ved at de er utvidet med tilleggsmateriale som ikke er funnet andre steder, noe av det svært gammelt, og med unike forskjeller. Det meste av tilleggsmaterialet er plassert innenfor kongesagaene – vevd inn i den øvrige skriften. I tillegg har Flatøyboka den eneste kopien av  Eddadiktet   Hyndluljod  (Hyndluljoð) , et
Image
 Laurdag:  idag hadde det jammen lagt seg snø. det er kalt om natta, men det smelta i løpet av dagen så var det klart for parkett. henta ein pakke i hytta og bar opp på loftet. la underlag og starta å legge. det var lettare sagt enn gjort. parketten bula ikkje,  den bøygde seg oppover og då eg la 3. rasta var det ikkje råd å få på fleire. dette måtte eg gje meg på. saka er at parketten var fuktig. den har lagt i hytta i eit år og der er ikkje påfallande tørt. i huset derimot er det tørt og eg henta fire pakkar til, la dei på golvet og opna dei. etter nokre dagar -etter helga er dei avklimatiserte og sikkert rette og fine då vart det rydding i eldhuset  resten av dagen. kylling i ost i langpanne til middag. eg så litt rydding til. der er jobb for mange dagar der. malte litt listverk. dette ligg på stovelemmen det er neste rom til maling.
Image
 Fredagen hadde tenkt meg til florø å handle, men så var det så fint.... jobba litt ute først -  må få start på monsen. må ha den til å køyre singel ut i grøftene. monsen er den einaste som flyt nokolunde oppå atven får eg ikkje start på. forstår ikkje kva som er gale... etter lunch var det på loftet igjen til dør og lister, maling og pussing. Døra vert ikkje så verst den, men eg trur eg må male skorsteinen. trudde eg hadde  noko casco husfix, men finn ikkje sekken igjen. maling er det  i eldhuset - trur eg. no er parketten det neste. måtte ta med eit bilde av huset. det er no kledd med vindtett og så diffusjonsåpen duk. dei har lagt første laget med utlekting. det skal være eit lag til - horisontalt for kledninga skal være ståande.