Snekkarane er på plass med 2 stk. dei legg undertak og på meg vart det grøft/veit idag. 

Monsen er den einaste som er lett nok og har doble
bakhjul. Køyrer singel til grøfta. dei gamle er eldst.


Kummen som eg knuste i forrige veke har eg 
"dratt på land" og stroppa saman. no skal
han ned på plass igjen. stroppene blir med :-)


Drensrøret ligg inne i ein duk. saman med røret legg
eg singel for at vatnet lettare skal trenge inn i røret. 
brettar duken godt rundt singel og rør før eg kastar att
grøfta.


Slik var det då eg kom i går. dei har no fått på undertaket 
på både anekset og mellombygget.


og slik ser det ut inne idag. endeleg ser det ut som eit
bygg med både veggar og tak.


berre så det er sagt....slik er no kveldane ....



For eit år sidan ..... då dreiv eg å reiv bad og tilbygg
til gamle kjøkenet 


Comments

Popular posts from this blog

mandag

Ut i august

Heimatt