mandag

no har det vore helg og idag har det vore tre prosjekt. tyttebæret skulle delast på midten. det skulle handlast og så var det ei kalesje som skal lappast - og så har katten blitt borte. såg den sist rundt midnatt laurdag. den er nok borte for godt .... kanskje overkjørt :-(

Norunn slit med smerter og må sitje å sove for å halde armen best muleg stilling. det kjem seg vel etter kvart -det har i alle fall ikkje blitt verre. ho har ellers vanskeleg for å halde seg i ro og vil helst klare alt sjølv. det er utruleg mykje som ein treng begge hendene til. prøv å skjære brød, smørje ei brødskive ....

i morgon blir det meir skruing. håpet er å bli ferdig før kvelden.

ellers så går øvingane til spelet i smørhamn for fullt med stor entusiasme. eg er styreleiar i stiftinga så det vert ein del adm. arbeid med alle detaljar som skal på plass. eg dreg til kalvåg fredag og blir til søndag kveld el mandag.

det er ikkje lett å halde seg i ro. her lukar ho ugras og plantar. det vert mest
venstrehåndsarbeid for tida. den høgre armen er stroppa fast til kroppen
og må være heilt i ro.

det er eg som lagar pizza .... under kyndig
veiledning frå overkokkerinnen

det vart ei flenge i sprayhooden då vi var på
tur. kalesja dreg på åra og no må det lappast.
får hjelp av marianne. norunn ville prøve
men eg trur det vert vanskeleg med berre ei hand


her er tyttebæret delt i to. inne i gearkassen er
det ein aksling som skal skiftast.



eg trudde det var nok å dele mellom
gearkassa og diffrensialen, men det må 
nok delast mellom gearkassa og
clutsjen og.

det er mykje som må skruast vekk. dashboard, ratt, dieseltank, styresnekke, lenjkearm, elektriske ledningar .... stort sett alt som går frå framme ved motoren og bakover

Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Tirsdag

Heimatt