Tirsdag

Idag var det akkurat passeleg veir til innearbeid. fekk lagt ferdig golvet i soverommet utover. no er det berre listing rundt golvet samt døra igjen. vi får sjå i morgon. merk parketten på venstre sida inn mot veggen. der krøllar den seg opp. slik blir det når parketten ikkje er avklimatisert. her får eg bruke golvlista til å presse med ned.

ellers så var det pitte litt for lite av den grøne malinga. fekk ein boks med spring leaf og trudde at fargen skulle bli lik :-(

her må nok alle bjelkane malast opp att :-(

endeleg fekk eg trykkerten og låsen til å virke. for eit plunder å treffe gjennom dørbladet.

eg har plundra med lina. ho lek luft i eine framhjulet. eg må passe på å parkere slik at eg når ut med slangen frå kompressoren. idag har eg prøvd meg på "quick fix" dvs ein boks med skum som vert sprøyta inn i hjulet. dette skal visst nok tette hol hvis dei ikke er for store.....vi får sjå om det virkar. det er mange nye bilar som vert levert med slik boks med skum i staden for stephjul.



endeleg kunne eg legge parketten på golvet i soverommet utover


opp på varmefolien skal det eit lag med
plast 0,2 mm


det vart ikkje så verst


dette var verre. den nye boksen med grønn var ikkje
lik den forrige. søren og. her blir det nok å male
alle bjelkane på nytt med den nye fargen og håpe
at forskjellen frå veggen ikkje blir påfallande.


endeleg klan eg låse døra og stikke nøkkelen i lomma.

Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Heimatt