Heimatt

idag  gjekk turen til lærdal. norunn var nesten ferdig med å skravle med romveninna og klar til å skrivast ut. vi åt middag på sykehuset før vi drog. kjøttbollar med gulerøter og steikte poteter. ikke akkurat resturantstandard, men så er maten og transportert frå sentralkjøkkenet i førde og .... tru det den som  vil at det er rasjonelt.
det var marknad i lærdal, lærdalsmarknaden heiter den (bombe) vi gjekk i alle fall forbi mange boder og ..... det er ikkje ufarleg å ha norunn med på slikt. ho vert så lett engasjert og skal kjøpe eit og anna som ho ikkje treng .... foreløpig.
no har ho armen i fatle -for å seie det forsiktig. armen er bunden fast til kroppen og slik skal den være heilt i ro i 4 veker. då kan ho begynne med vanleg fatle, men ganske lenge det og. glad eg slapp.
på marknaden kjøpte vi masse oliven av ulike slag og kvitløk. så i kveld har vi hatt baugett, oliven, ost, kjeks og kvit. nydeleg.
no har norunn fått tablettane sine og vi skal til å legge oss. kjenner eg får litt flashback.



med armen i fatle -eller skal vi seie seletøy.
i alle fall godt tjora.

kveldskos


Småbruk.....dette gjekk for 17 mill,
men så var det beliggenheten då

Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Tirsdag