Torsdag

finveir idag og. nesten synd å arbeide inne. fortsette på kjøkenlemmen. der var eit "hol" bak skorsteinen. her vart det skap. manglar berre hengsler no og male ferdig listene.

har grunna døra inn slik at den kan malast i morgon. trur den må bli kvit. det kan bli nok blåfarge.








spikerpistol er ein fin ting, men eg må halde fingrane unna. torgeir gjorde det same ein gong. rett gjennom fingeren. spikeren stansa mot naglen. uff




ellers så kjøpte eg meg "ny" kapp- og gjæringssag. fann ei lita på finn som eg har med meg på loftet. då treng eg ikkje ta med listene ned til "storsaga" og opp igjen kvar gong eg skal kappe. går utruleg mykje fortare når eg har det eg treng innan rekkevidde.











middag no. nakkekotelett i brun saus med poteter og kanskje litt gulerot (hvis eg har)
meir i morgon.



Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Tirsdag

Heimatt