det starta vel for alvor i sept. 2020. då var det ein gjeng som gav seg i kast med å rive innvendig i hjellen.




vi fann forskjelleg aviser i veggane. det kunne
fortelje når arbeidet var gjort.



her riv vi innvendig. har har det ikkje vore musebol.
heller eit revehi. spurde jan-hugo om han hadde sett
det verre. då vart han still lenge før han rista på haudet.



endeleg noko stenderverk som er i vater og lodd




like etter jul kom alle dei nye vindua til gamlehuset.


heile veggen innover måtte byggast
opp att på nytt. det var so rote at det sto
berre på trass



golvet i kjøkenet måtte rettast av. 30 sekkar med
avrettingsmasse. det var 8 cm på det djupaste.







i løpet av ettervinteren og våren skifta
jan-hugo alle vindua i gamlehuset



det var greit å få ned taksteinen nå ein har 
pallegaffel på lastaren



i taket over badet. ikkje uventa var det ille.






før det kan byggast må det rivast...

og brennast




















her grev eg ut tomta. matjord for seg
og aur og leire for seg.






malast skal det og. det er mykje
lettare når det står stillas



her har vartdal plast vore med elment til
ringmur, isoloasjon og mur oppover








Her støyper vi ringmur. det var berre monsen
som var lett nok til å køyre ut i myra.
avretting innafor ringmuren 280 mm opp til ferdig golv.


heile tomta innanfor ringmuren skulle fyllast opp med pukk og singel
og komprimerast slik at det vart akkurat 280 mm opp til ferdig golv

Så skulle det leggast 200 mm med isolasjon
og i denne vart alle avløpa lagt slik at dei
kom på rett plass. ein får berre ein sjanse
  
no er det klart til støyping. isolasjon, fuktsperre og
armering .... og der kjem betongbilen





Her er plata ferdig støypt


etterpå var det hummerfest for arbeidsfolket



heile muren skulle fyllast med betong.
det var 7,5 tonn med betong som vart
fyllt opp i med spade. var ganske gåen
då eg var ferdig 

oppover skal det være ein mur på 1,35m
som skal kleast med naturstein med tida,
Muren er laga av isopor, men er hul inni. 
den var lett å setje opp. legoklossar


Vinteren kom og det var tid for innearbeid

no har eg fora ned taket mellom betane med 2".
her blir det isoloasjon og plater i taket ....
og så skal det lagast hol til spotlight og
trekkerør skal leggast ...






måtte rette av golvet i gangen. det var IKKJE i vater.
 

eg kom over eit parti ferdig grunna
utvendig kledning borte i hemsedal. 500 lm.
meir enn nok til tilbygget.
henta det då eg kom tilbake frå juleferie og
no ligg det på lager i naustet.

































endeleg er veggane på kjøkenet ferdig plata. Walls to paint.
alle el.boksane er på plass -rett plass. det er utruleg kor mykje kursar som skal til på eit kjøken.


eigen kurs til
- steikeovn
- platetopp
-stikk over benk (går og til kjøleskap og ventilator)
- stikk til lys etc.
- varme i golv
- spotlight og lampepunkt
- oppvaskmaskina skal og ha eigen kurs







fargevalg er ikkje enkelt. det er mykje å velge i. trur det må bli disse to på kjøkenet -og så kvite lister og eikeparkett. foreløpig er veggane fulle av tegningar og golvet fullt av verktøy.









Det kjem stadig meir materialar. her det meir 2x6, 2x8, sutak og undertak. alt skal under tak og armane vert lenger og lenger

endeleg er snekkarane igang. dei første
veggane reiser seg :-)




.

.





det går fort når dei først er igang. slike som
veit akkurat kva dei skal gjere.










på kjøkenet er veggane fulle med arbeidstegningar.
det er stadig nye detaljar som må takast stilling til
og tegnast ut. godt eg har PC og printer
og kan ta ut i A1 format om nødvendig.





har rydda på loftet. her blir det soverom innover. tek det først.















hvis det skal gå fort så bruk høgtrykksprøyte. her legg eg på sperregrunn og tek heile rommet på 10 min. prøv det med rull og kost ....


Det renn mykje vatn,



.

..

.




har kasta opp ei grøft der det var verst.
no må det ned duk, singel og drensrør.
så kan det kastast igjen.
denne gongen har eg skilt matjord frå resten.




.

.









mandag skulle eg til førde til tannlegen, innom verkstaden for å sjekke hjuloppheng og ha ei visning på leiligheita. hadde med hengar for å hente drensrør. midt i naustdalstunellen hylte det stygt - hjulet på hengaren .... måtte køyre eit stykke før eg kom meg til ei lomme og dermed var dekket kaputt. 

her var det berre å dra til førde og kjøpe verktøy for å få av hjulet. vel tilbake, og etter mykje plage, fekk eg hjulet av. då var det berre det at årsaka til punkteringa var at hjullageret var gåent.

så var det tilbake til førde - med hjulet som eg leverte påførde vulk og så starta jakta på lager til tysse 6005 båthengar. etter mange telefonar fekk eg greie på at dette var 55-30 og 47-20. tools hadde det eine og det andre fekk eg på førde motorsport.

så var det oppom biltema og kjøpe div til å byte lager og ut igjen. men det var ikkje så enkelt. indre lager sat heilt fast. 

tilbake til biltema for meir verktøy, innom å hente hjulet - no med nytt dekk og så tilbake til hengaren.

no endeleg fekk eg av det gamle og på dei nye lagera. 

då endeleg kunne eg hente drensrør og vise fram leilegheita. då eg kom ut att - var det blitt mørkt.

tirsdag var det hengarrep i snøveiret. det viste seg at det andre lageret - på andre sida er ikkje godt det heller. har bestillt to nye sett.

litt arbeid på loftet vart det, men ikkje mykje.


det kom meir veggplater til badet. tunge var dei, men inn i hytta måtte dei


Idag, onsdag var veiret nydeleg, men det var kalt så det vart meir arbeid på loftet.
her lagar eg foringar til vinduet. får berre ein sjanse til å få det rett. lime og skru.


her må det stappast...det var mykje klaring mellom foringar og reisverk.


.fint vart det då listene kom på plass. no er det døra, skorsteinen, parketten og golvlistene. då kan eg flytte senga og begynne på loftet utover.



















Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Tirsdag

Heimatt