22.

 Nå er det lenge siden.... får legge ut noen bilder som forteller om hva som har skjedd - i hovedsak.


Det vart 17. mai. her er vi på kjørnes hos Leif Erik til brunch saman med
heile familien.
Legg merke til rekkverket ... det er stolpelaust. berre føter nede og ei solid
list på toppen i stål- smart.

Her er mine herlege. Benjamin -og Solveig og Stig

og Saga og mamma Swati i bunaden som Turid hadde

og så Iselin og Joakim -og Anne Marie og Torgeir


Norunn vart med ut igjen til alm og vi hadde nokre herlege og nyttige dagar med slått, maling og kos 

Her er stovelemmen klar med varmematter på golvet.
neste er kontroll av elektriker og så parkett og golvlister 
då er begge soveromma ferdige :-)




her kapper eg lister til vinduet utover.

og her er foringar og lister på plass. forskjellen
er påfallande :-)



Å liste mot gammal tømmet er ikkje alltid like lett. det er ikkje noko som er beint. her tar eg meddrag
på ei list som er skråskoren slik at det skal sjå ut som veggen er i vater


Norunn ville ha meir grønt og mindre brunt...
då vart veggen utover, nedover og innover grønne.
då vert liksom meir heilheit på kjøkkenet.

det vart tid til kos og. nede i støa med
daddel i bacon på spidd og kvit til.



no vart det tid for første slåtten. slo heile teigen
ned for husa og det meste ut for veita.


og etterpå  kom norunn ned i fjæra med
ferske vafler smør, sukker og kaffe -og jammen
hadde ho med pipe, tobakk og fyrstikker og <3

Norunn drog innatt til sogndal i dag. ho skal på arbeid stakkar .... men no er det berre eit år igjen så er ho pensjonist og dermed kan vi dra kor vi vil, gjere kva vi vil og når vi vil. herleg

det vart kortreist middag idag. Steikt lyr som eg fiska
i går kveld og så ytrefilet av ein hjort som har vokse opp
i utmarka -og poteter frå valdres

Comments

Popular posts from this blog

mandag

Ut i august

Heimatt