Enno meir regn
det vart først tur til svelgen idag. diesel, brød, egg, .... og så tilbake. Ytrehus kom med meir material og då måtte eg være til stades.
| eg har spart mykje bæring med å ha pallegaffel på traktoren. Her er eit lass med OSB-plater til sutak på meglaren. |
Fekk alle materialane i hus og dermed var det tid for lunch, Ferskt brød. til frukost idag var det tomt, men eg fann ostehorn i frysen .... men dei var so harde at eg trur eg hadde knust flis dersom eg mista eit på golvet.
Så var det dette med regnet då .....
resten av dagen gjekk med til å føre straum fram til boksane eg jobba med i går. det vart eit trekkerør frå ein boks over sikringsskapet bak taklista og fram til boksen ....
då var det kveld og "kontorarbeid" eg lagar lister ... vi inviterer bedrifter i kommunen til å tegne støttemedlemskap i Bella og Solla - og Per. Framsyninga vert 25 og 26 juni. då må de samle dokke folkens.
https://www.facebook.com/BellaogSollaogPer
https://tikkio.com/tickets/28295-bella-og-solla-og-per
Comments
Post a Comment