Huset er tett.
Søndag drog norunn inn att. ho skulle på jobb stakkar ;-) eg tok meg ein tur i naustet og starta ein motor eller to, skifta forgassar på den store hondaen og no går den endeleg på tomgang. det er ei plaage kor lett den tomgangsdysa går tett.
no er det på tide at båtane kjem på vatnet.
No har snikkarane, eller snikkaren sett i begge dørene (korleis han no klarte å bære dei bort?) og dermed et heile bygget tett :-)
| Her er skyvedøra ut mot morgonsola ;-) |
| og her er inngangsdøra |
Nina ringde om kvelden og sa at eg berre måtte kome med båten tirsdag, så ville dei setje den opp på onsdag eller når det passa. den skal spylast under og så skal det på nytt bunnstoff. for å stoffce må dei ha rimeleg veir. båten må være tørr under...og så må det på 4 nye sinkanodar
Eg drog i båten mandag kveld. eg hadde fortsatt litt sjekking av at alt virkar slik det skal. tidlegare har eg plagast med å søle på golver, diesel, olje, og anna. No drog eg på coopen og kjøpte med to handkler og ein pakke med stikklaken. slike dei legg i senga til dei som ikkje klarar å halde seg tørre om natta. dette la eg på golvet. ypperleg. det har tape på baksida slik at det ligg i ro på golvet og så syg det skikkeleg -det er vel det som er meininga. etterpå går det i søpla.
trudde eg hadde fylt på litt mykje olje. drog på startaren med stoppknappen ikke slik at motoren drog rundt, men uten å starte. slik får den smurt seg før den skal begynne å gå. sjekka på peilepinnen og det var faktisk heilt perfekt. så var det kjølinga .... starta motoren og lot den gå. den pumpa fint, skulle berre mangle og -med ny impeller. litt jobb med oppdatering av kart og sjekk av truster og vinsjar. det er i grunnen greit med slike tekniske ting -dei har ikkje peiling på at dei har vore ubrukt heile vinteren.
Så vart det å køye i lugaren. der har eg varmemadrass....
På føremiddagen idag var det å kaste loss. det er 8 fortøyningsliner om vinteren. brest framme og bak samt to spring på kvar side. trikset er her å sjå kva tau som ikkje er i strekk. dei kan løysast. til slutt sto eg igjen med eine bresten bak på styrbord side. løyste den idet er bakka ut.
Det var mykje groe på skroget, men det var nok berre i vannlinja. den gjorde 7 knop på 2000 omdreiningar. det er heilt ok.
| stikklaken på golvet .... |
| gjekk opp auseholet og utom morteinsbåen. då har eg stabben fyr rett fram. |
| endeleg på havet igjen.... |
| her ligg tutti vel fortøyd ved flytebrygga i seljestokken. |
Det er veldig praktisk å levere båten i arbeidstida. det er fleire som bur i florø og då blir eg med dei tilbake. vi vart ein for mange idag så ein måtte sitje i bagasjerommet. så var det hurtigbåt til florø og så køyrde nina med ned i furuholmen det eg hadde bilen stående.
Middag og så ut i hjellen ... trur du ikkje at dei hadde sett inn det vinduet som var for stort og som eg har kjøpt nytt....
I morgon er det til brattland via ymse ærend i førde.
Comments
Post a Comment