Mandag. Låg over i båten og "tidleg" om morgonen ringde elektrikeren og sa han var på plass .... det var ikkje eg, men fekk fart på meg.


Her har elektrikaren vore og kobla alle stikka som kjem bak innredninga pluss dei ovedr benken





snekkaren har begynt å setje inn vindu.
dette blir kjekkt. då vert det lyst og fint

Så var det dette med nøklar då....prøver å ha litt system og har alltid nøklane til hjellen og alm i høgre lomma på jakka. Så vilde det seg slik at eg drog inn til alm utan jakka på, den hang inne i kjøkkenet i hjellen. imens så drog snekkaren og låste etter seg .... då er det greit at det berre er ei asfaltplate mellom meglaren og kjøkkenet ....

på stovelemmen skal det være varme i golvet
har begynt på underlaget - og hvis nokon ser
ei kvit stripe i golvet så har eg fresa ned eit spor
til trekkerøret for temperaturfølaren. opp på isolasjonen
skal det være varmefolie og så plast og til slutt parkett.

meir i morgon.


Comments

Popular posts from this blog

mandag

Ut i august

Heimatt