Meir innearbeid
Å koble flexwatt trudde eg at eg skulle få gjort tidleg i veka, men først på slutten av dagen idag kobla eg dei første stripene.
snikkaren har lagt rekter på heile taket idag, trykkimpregnert og dermed så må lektene være det same. og eg som hadde kjøpt begge deler i kvit material. vel, vel.
| hadde gløymt å legge ut eit trekkerør og dermed vart heile veggen utan straum .... du torgeir ville vel sett inn ein tabbeboks - og saga hol i veggen og kobla på trekkerøret |
| og lappa igjen. når eg har sparkla og måla er det ingen som ser denne tabben, berre at det er straum i alle kontaktane |
| litt spennande å opne og her er kva eg fann grått og orange |
| strauk det opp på veggen og då vart det slik... det eine er fransk grå, men den andre veit eg ikkje. ein orange, ikkje brukande til noko etter min smak, |
Sidan vi likevel er inne på boksar .... du store tid kor mykje arbeid det er med det elektriske. ikkje rart at det blir store regningar for dei som må kjøpe alle slike tenester. eg har avtale med han roger i mulelid og kan kjem berre og koblar kontaktar og sjekkar at eg har gjort alt etter forskrifta.
| dette er på soverommet utover. her blir det lysbrytar samt termostat til golvvarmen |
og dermed var dagen over .....
Comments
Post a Comment