tirsdag

slik ser flexwattfolien ut. rullar den ut og koblar remsene saman. har både
koblingsklemmer, ledning (dobbeltisolert) og spesialtang. (FINN)
i det sporet eg fresa igår er det no eit trekkerør for termostat. opp på folien
legg eg parkett og dermed blir det deileg golvvarme

Ja idag skulle eg legge flexwatt på golvet i soverommet utover (stovelemmen) Fann tre rullar med 1m bredde og dei passa akkurat. flaks. men så er det ikkje berre å koble saman. ledningane skal og gå/ende ein plass. Dermed måtte eg inn med ein dobbel el.boks. lys + termostat for varmen. og dermed balla det på seg. for å få på plass boksen måtte eg rive panelen på gangsida. dermed kom utfordringa med lysbrytar for lyset i trappa/loftsgangen opp. Boks på andre sida - mot gangen. men dette lyset vil eg ha slik at det kan slåast på og av både oppe og nede. (trappebrytarar) dermed måtte eg legge eit trekkerør frå boksen oppe til ein boks nede der trappa startar.....og det var lettare sagt enn gjort. det er lett å legge trekkerør i stenderverk, men her er det laft. måtte bore meg igjennom ned i stova, så vidara ut i mellombygget og så gjennom stenderverket til stenderen der trappa startar. - då var klokka 8 og eg var lei,,,,,


her går trekkerøret frå boksen oppe, over lafta, inn bak
kneveggen, ned i stova, gjennom veggen ut i
mellombygget og så fram til rette stenderen nede

då eg kom inn att var i alle fall bjørka
under eldhuset (merk uttrykket) iferd
med å sprette.

enno meir vår. her er raklar (?) lange.
dette må være gråor.

her har katten fått nattmaten sin.- boksen står
støtt med ein stein, kunstferdig malt av
Joakim.


og så dagen høgdepunkt. Norunn sin
fiskegrateng til middag. beste i Gøla


Comments

Popular posts from this blog

mandag

Ut i august

Heimatt