Helg

fredag drog eg inn i brattland. der er det godt å kome. fredagen hugsar eg ikkje so mykje av, men laurdag gjekk vi tur og så hadde vi graut til middag og sushi til kvelds.

eg hadde med meg sprayhooden innover. den på lappast og saumane må gåast over. då er det godt å ha ei som mestrar symaskin på eit høgare nivå.

ellers så var det flatbiff med raud til middag søndag. eg skulle lage middag medan ho sydde. det gjekk bra heilt til eg fekk ein telefon. då den var ferdig var middagen det og .... forunderleg.

no er eg ute igjen i alm. var først til førde hos psyken, ordna noko i leiligheita og så fyllte eg opp kanner med diesel og bensin til sommaren. 4 kanner av kvart slag. nesten 4000. håpar det held eit år minst.

no har malt resten av takbjelkane og gjort ferdig panelinga i gangen. den måtte eg ta ned då døra hadde ustandard mål, 845 i staden for 810 som er vanleg.

så var det litt arbeid med utedøra. den nye er litt tjukkare enn vanleg og dermed måtte det nye skruar til for å halde trykkertane saman. til slutt gav eg meg. det var mørkt og eg var lei. alle som har prøvd å treffe med skruane gjennom dørbladet og inn i skjoldet på andre sida forstår kva eg snakkar om.


her lagar vi sushi, eller rettare sagt norunn lagar sushi.
eg får ikkje til den der rullinga. det er nok eit triks
med det og kanskje ein dag....



slik vart det på bordet. vi koste oss.

her går symaskina. det er tjukkt stoff i slike
kalesjer og det ligg i fleire lag


til middag idag vart det restar av sosekjøt
frå i fjor haust..... og så hellekaker til
kaffeen

Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Tirsdag

Heimatt