Litt arbeid

 vart litt å gjere i dag og. først så laga eg til ein patent for å få radiatoren tett på tyttebæret. litt sveising og gjenger så trur eg det skal bli tett.

så var det bjelkane i taket....malte opp igjen alle saman pluss ramma rundt. no er i alle fall fargen lik i heile taket. det var ellers ikkje så stor forskjell som det såg ut til i går. tips: rør godt rundt. det sørgelege - som eg kom på seinare, var at eg gløymde å sette på loket på boksen då eg drog :-(

vilde måtte ha litt omsorg ho og. litt feilande clutch og lite luft i eit dekk. prøver med same skummet som på lina i går.

etter litt rydding køyrde eg til brattland. norunn er på sykehuset og skal operere i morgon. ikkje alvorleg, det er skuldra som har skade i ein muskel/muskelfeste. skal innover til lærdal i morgon. det er ganske lang rekonvalesens etter ein slik operasjon ..... og så er det høgre sida..... ho vert nok litt vanfør ei stund, men eg har to friske armar så det skal gå bra.


no ere bjelkane malte enno ein gong. no får det hjelpe


her er stussen på. synd at det ikkje viser
kor genialt den er fiksa

vilde har sine problem ho og. iklkje
mykje luft igjen her .....



då eg kom heim til brattland sto det
deileg middag og venta på meg i 
kjøleskapet. trur eg vert uttynt.

Comments

Popular posts from this blog

Ut i august

Tirsdag

Heimatt