No er vi i Alm igjen etter ei veke i Brattland. der var det og mykje å gjere. og på mandag fekk norunn beskjed om at ein operasjon var avlyst og dermed fekk norunn timen. då var det inn til lærdal på sjukehuset tirsdag morgon.  etter venting lenge og langt fekk ho beskjed om at det ikkje vart likevel. det var noko utstyr frå førde som ikkje var komt.

men så idag kom ny beskjed. det vert operasjon 16. juni og denne gongen får vi tru at alt er på plass. til opplysning ....  det gjeld ein muskel i skuldra der festet er delvis av. kurrant operasjon for så vidt, men lang rekonvalesens.

Her vert ingen ting kasta. Norunn ved mamma si maskin.
lappar dongeribukser til mannen.


Norunn sin bil gjekk ikkje gjennom EU-kontrollen
her er den på eit lokalt verksted i Brattland og får
nye skiver og bremseband bak samt ny bærebru framme.
Idag gjekk den gjennom med glans.


på laurdag var vi på boknatt 
i Fjærland. her er det kilometervis
med brukte bøker i gamle naust,
fjøsar og hus. her kan ein finne
det meste.



Norunn klypper plen (med kjøkkensaksa)
merk fotstillinga. ho strekker ut akillesen
etter forrige operasjon i feb. vi er komt
i reperasjonsalderen.

Idag kom taktekkarane og la belegg på det flate
taket. då er alle tak tette. dei vart akkurat ferdige
til regnet kom.

eg nytta "finveiret" til å slå. først resten av teigen
utanfor veita og så her i hjellen

plutseleg ville ikkje Vilde gå hverken fram eller
bakover. her til reparasjon. ho er er i reparasjonsalderen
 ho og. no starta det å regne så då må vi vente til det lettar. 


Norunn var innadørs og malte. her blir betane og
planken mellom i grønt (dei og) dette blir fint.
for spesielt interesserte ... fargen er Kubel Spring leaf.
sjå www.annakubel.com



Vi prøvde å pusse betane, men det gjekk ikkje
 særleg godt. kom inn på masse mottete og dermed
dryssa det ned mottemjøl.



og til slutt var eg på ytrehus og henta ytterlegare
100 løpemeter med 2x4. i morgon begynner
snekkaren med innerveggane.

TBC



Comments

Popular posts from this blog

mandag

Ut i august

Heimatt