onsdag.
berre finveir idag. pjotr set opp veggar og eg slår. vart ferdig med hjellen ut på dagen og tok vilde med inn til alm. ho går så fint berre ho får bensin.
| eg snekra meg ei stor palle til transport av vilde. her framme i alm. |
men først litt maritimt.... har eit stort lodd, fleire hundre kilo liggande i støa. dette ville eg flytte ut i bukta, sette på ei blåse slik at vi kan fortøye båten i der.
tok rødhette på skuffa til lina, sette på motor og heiste den ned. då var det fjøre sjø og eg feste tauet i loddet framme i baugen på rødhette og venta på flo sjø....
| då det hadde flødd opp såg stakkars rødhette slik ut. nesten som titanic. men loddet var lyfta opp frå botnen og låg og flaut under baugen |
vel, eg sette meg til årane og starta å ro båten og loddet ut i rett pososjon. så var det problem nr.2. loddet var knytt fast framme i baugen og denne knuten var naturlegvis ikkje til å få opp. så dum ein kan være. naturlegvis hadde den stramma seg skikkeleg til .... og ikkje kunne eg kappe heller. tauet skulle jo brukast til å feste i blåsa ....
så då var det med stor møye å ro inn igjen til logget tok botnen og vente på fjære sjø slik at eg fekk opp knuten. i morgon skal eg feste med eit tau som eg kan kappe slik at loddet søkk der det skal.
motoren gjekk faktisk heilt fint den ... så lenge den var nede i sjøen :-)
| her var det ikkje hjelp i motor. den nådde ikkje ned :-( |
| travelt er det, men det blir fint når det er ferdig. |
| til slutt la eg ut ei fortøyning og her ligg ho fint. |
Comments
Post a Comment